For ein måneds tid siden, fann eg ut at det ikkje blir studier på meg før i januar, og då måtte eg finne på noko kjekt å gjere dette halve året eg har fri. Eg begynte å undersøke, og kom over ei side på nettet (atlantis.no). Dei tilbyr utveksling i forskjellige land, og i Ecuador hadde dei opplegg der eg kunne både lære spansk og jobbe som frivillig. Det hørtes eksotisk ut, tenkte eg, og tok kontakt. Samtidig hadde eg kontakt med ein del andre selskap og private som kunne tilby meg jobb og studier i andre deler av verda. Men så blei det Ecuador.

Ecuador er eit lite land, som ligg ut mot Stillehavet, og grenser til Colombia og Peru. Det ligger på ekvator (mest under), og det er her navnet kommer fra. Klimatisk og geografisk er det svært variert, og grovt kan det deles inn i tre - la costa (kysten), la sierra (høylandet) og el oriente (Amazonas). Dessuten hører Galápagosøyene til, som er ei heilt unik øygruppe. Så her kan eg tydeligvis oppleve alt fra strandferie, fuglekikking og våte dager i Amazonas, til lange fjellturer på snødekte vulkaner. Vel, me får sjå om min tur kjem til å bli så variert, det skal vel godt gjerast å få med seg alt! :)
Uansett, fredag 19. september reiser eg fra Gardermoen tiiidlig om morgonen (gjesp). Skal innom København og Atlanta, før eg kjem meg til Quito. Quito er hovedstaden i landet, med ca. 1.9 millioner innbyggere. Guayaquil er den største byen, men dit trur eg ikkje eg skal. Her lander eg i ca. 2800 m høgde seint på kvelden, og skal overnatte på eit lite hostel. Dagen etter flyr eg til Cuenca, som ligg lengre sør i landet, og er byen eg skal ha spanskkurs i.
Her kjem eg til å bu i 4 veker hos ein vertsfamilie. Skulen eg skal gå på (http://www.bolivar2.com/) ligg ikkje så langt unna huset, og der får eg privatlærer og 4 (eller 5) timer undervisning 5 dager i veka. Eg kan ikkje spansk, så tanken på å flytte ned til ein familie som mest sannsynlig ikkje kan engelsk er litt skremmende, men det ordne seg nok. Då blir eg jo nødt til å lære spansk fort fort fort. Heldigvis trur eg at eg har lært meg å telle til ti no, og å sei at eg heiter Elisabeth :p Det er no ein start...
Etter desse 4 vekene, har eg to veker med fri. Har ingen planer for desse vekene enno, men rekner med at eg treffe noen kjekke folk eg kan ta meg litt rundt med :) Har snakka med to jenter allerede om Amazonas. Når to veker med ferie er over, reiser eg (mest sannsynlig) til ein plass som heiter Cotacachi som ligg 3 timer nord for Quito.
Her skal eg vere i 3 veker, og jobbe på eit prosjekt som kalles UNORCAC, forkorta på spansk, og på engelsk blir det Union of Indigenous Organizations. Her har ikkje fått så mye informasjon om dette prosjektet enno, men dei jobber for å betre leveforholda til ulike "innfødte" samfunn. Det hørtes klossete ut, men...
Etter tre veker, reiser eg vidare til Santa Martha Rescue Centre, som ligg ca. 1 time fra Quito, nær ein plass som heiter Tambillo. Dette er eit senter som tar imot dyr som f.eks er konfiskert av politier. Nokon dyr er holdt som ulovlige kjeledyr, andre er redda fra dårlige forhold på sirkus, og nokon har blitt mishandla. Målet er at så mange som mulig skal tilbakeføres til naturen. Det er 12 frivillige som jobber på senteret til ei kvar tid, og desse deler to hus. Her skal vi lage mat og ordne sjøl. Det er ca. 7 timar arbeid kvar man - fred, og lørdag er me ferdig med jobb på formiddagen, noko som gjer at det er mulig å pakke sekken, og oppleve andre plasser i helgene.
16. desember har eg billett heim igjen. Då flyr eg samme rute heim, og er tilbake i Norge 17. desember - klar for julefeiring :)
Så det var det eg hadde å skrive om i denne omgang. Det kommer nok meir ;)